tirsdag 20. september 2011

Tur til Fjærlansete


Ruta til turen
Onsdag 7. september møtte me i “Friluftsliv 1 ST” opp ved friluftsliv lageret på Sogndal vidaregåande skule. Etter å ha fordelt fellesutsyret på teltgruppene, sette me turen mot Øvstedalen i ein stappa full minibuss. Den køyrde oss øvst i dalen, til Mannsverk, der me fekk ei innføring i navigering med kart og kompass, før me gjorde oss klare til å gå. Gruppe 1 byrja med å lede oss oppover ein bratt traktorveg. Der traktorvegen tok slutt tok gruppe 2 over. Etter litt diskusjon om vegvalg sette me turen mot Furesete samtidig som små regnbyer traff oss. På Furesete tok me oss ein matpause, der alle åt i taushet. Derfor kom Torgeir med ei super gåte, og stemninga var fort på topp igjen med ny energi i kroppen.

Etter ein matpause, tok alle teltgruppene ut kompasskursen til Fjærlandsete, og me sette i gang å gå. Når me nærma oss stølane på Fjærlandsete byrja vêrgudane og herja med oss. Etter ca. 4 timars vandring bestemte me oss for ein leirplass oppe på ein hammar ovanfor Olavsøyna. Sjølv om ein kunne få kjensla om at himmelen nesten datt ned, var me ganske raske med og setje opp teltet på ein “tørr” og flat plass. Så snart teltet var oppe hoppa alle i teltgruppa mi, som bestod av meg, Vegar og Synnøve, inn i teltet og søkte ly inne i soveposen. Der blei me liggande ein liten time å sove før dei blei opphald og me tok fram fiskestengene. Men denne dagen var de null fisk å få. Derfor byrja Torgeir med ein gjennomgang korleis ein skulle bruka stormkjøkkenet. Deretter var det vår tur og prøva. Då steikte eg, Vegar og Synnøve hamburgarar, svæært godt steikte hamburgarar. Tida etter middagen gjekk forøvrig til sosialisering, kortspel, vitsar og rundt klokka 11 roa det seg i leiren.
camp'n til gruppe 4 og 1

Neste dag var planen at alle skulle stå opp 08.30, men ingen var oppe før 09.00, null stress på tur:-)) Alle pakka ned telta og åt frukost før me sette kursen mot Fagereggi rundt 10.30. Der tok me ein liten matpause, og dei som ville fekk moglegheita til å teste fiskelykka. Men den einaste som fekk fisk var Torgeir. Etter fangsten tok han ein kjapp gjennomgang av sløying av fisk. Etter dette bar det nedover mot Kollsetestølen der me skjønte me hadde litt knapp tid. Derfor gjekk dei siste kilometerane ekstra fort på grusvegen frå Kollsetestølen og ned til Kollsete der me tok ein rutebuss ned igjen til Sogndal busstasjon.
kosa oss på tur i sola :-)

Før me reiste på turen skreiv me ned nokre mål som me skulle gjennomføre den:
  • Planlegge, gjennomføre og vurdere tur med overnatting ved vatnmiljø
  • Kle seg hensiktsmessig og lære utstyret å kjenne slik at dette ikkje vert nokon begrensing for turen
  • Praktisere bestemmingar for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark og ta hensyn til naturen me ferdast i
  • Få meir erfaring med korleis ein planlegg ein tur. 
  • Ha da kjekt!
For å konkludere heile turen så gjekk alt ganske bra! Me gjennomførte alle måla, spesielt det siste sidan alle gjorde ein super jobb med og halde oppe humøret sjølv ganske trasigt vær på onsdagen!! Til neste gang må me kanskje berekne meir tid på vegen heim visst me skal rekke ein buss eller liknande. 
turens einaste fangst..


Sjølv syns eg gruppa fungerte ganske bra i lag! Alle bidrog til fellesskapet når det gjaldt middag, bæring av fellesutstyr og opp-/ ta ned teltet og me hadde det KJEKT saman!
Heile 1FRI ST samla

Denne turen lærte eg meg omtrent kor mykje kleder og utstyr eg skal ha med meg på turar om seinsommaren. Eg fraus ikkje, men er det ein ting eg skulle gjort annleis var de å ha invistert i nye fjellsko med ein gong. Eg lærte også korleis ein brukar stormkjøkkenet og korleis ein skulle handtere det på ein sikker måte. Neste gang skal eg ha med fleire posar til både sko men og RAUDSPRITKANNA. Den skal ha fleire posar rundt seg sånn at ikkje heile sekken blir våt av raudsprit igjen:-) Gleda meg allereie til neste tur med 1FRI ST!!

torsdag 15. september 2011

Mitt første innlegg!!

I år har eg valgt friluftsliv som programfag og derfor må eg blogge om turane me reiser på. I forige veka var me på Fjærlandsete, men meir om den turen kjem til helga!! BTW so ha eg ikkje fått fiksa bloggen enda, den blir litt bedre vertfall!

stay tuned peepz (spess torgeir)