onsdag 18. januar 2012

Årets første skitur!

Me i 2 FRI/ST starta skisesongen torsdag den 12.januar. Dei nye skifellene skulle testast for første gang, og eg var ganske spent på korleis nedover turen skulle gå. Denne gongen gjekk turen opp på Svartholten.
Ruta til skituren

Som vanleg møtte me ved nye skulen klokka 09.00. Der blei det fordelt noko fellesutstyr og alle tok med seg kvar sin spade(alltid lurt å ha). Etter at fordelinga var unnagjort, sette me oss i minibussen, og køyrde av garde til Gunvordalen i Sogndalsdalen. Før me byrja ferda oppover mot Svartholten tok me ein liten pep-talk. Me såg litt på kartet og tok ein namnrunde sidan kompisen til Torgeir, Steinar, var med. Sånn ca. litt før klokka 10 sette me i gang med ferden mot toppen.

Ferda byrja ganske slakt, men når det blei meir stigning, måtte gutane i front brøyte svingar oppover i terrenget. Dette måtte til, fordi det var nokre i gruppa som sleit med fellene sine. Men etter at alle hadde fått på langfeller, auka tempoet på dei fleste i gruppa, og me «åt» bra terreng.Når klokka var litt over 11 bestemte me oss for å ta lunsj. Og sitjeplassane me gravde befant seg litt ned i snøen for å få ly frå vinden. Steinar gravde også ei stor hole i snøen slik at me kunne sjå lagdelinga av snøen denne sesongen. Dette gjorde me grunna stor snøskredfare, og me tok ein stikkprøve for og sjå om/korleis det øvste laget løyste seg ut, og farten på kor fort laget løyste seg ut. 
Matpause varm drikke og sjokolade:*

Sidan skredfaren var så stor, bevegde me oss heile tida i 100% sikkert i terrenget, ved å leggje løypa så flatt som mogleg mot underlaget. Etter lunsjen var dette heilt nødvendig, fordi me bevegde oss inn i brattare lende, og som vanleg byrja været og ta seg opp. Me nådde nesten toppen til Svartholten før me måtte snu. Då var det av med av med fellene, og på me skibrillene. Turen nedover viste seg for min del og være litt krevjande. Føre var ikkje heilt optimalt for ein nybegynnar på telemarkski.. Men etter det er sagt, så nådde dei fleste av oss bussen og turen innfridde desidert!

Det som var bra med denne turen, var definitivt turen opp. Grunnen til dette var at eg hadde spikerfeste opp mot Svartholten. Eg har godt nokre turar tidelgare, og då med alt for små feller. Derfor var det tid for å invistere i nokre skikkelig gode feller, og denne invisteringa var lønnsam. Kleda gjorde også at eg nok ein gang hadde ei positiv turoppleving. Men ein må ikkje gløyme sjølve gruppa. Humøret var på topp, og det var ein spent gjeng som sette utfor bakkane i Sogndalsdalen. 
Gleda seg til koseturen ned igjen

Det som var mindre bra med turen var for min eigen del turen ned igjen. Sjølv om føret ikkje var optimalt, og skia ganske tynne, skal eg til neste gang få litt meir kontroll på skia. Forhåpentlegvis blir det ikkje så vanskelig å skifte teknikk frå slalom til telemark.

Måla me sette oss for denne turen var:
  • Planlegge, gjennomføre og vurdere turer knyttet til lokal friluftslivstradisjon
  • Behandle og vedlikeholde redskap og utstyr slik at det til enhver tid er i orden
  • Vurdere betydningen av hensiktsmessig bekledning for ulike typer friluftsliv
  • Vise kjennskap til den naturen eleven ferdes i, og praktisere et friluftsliv der hensynet til naturen er overordnet
  • Forklare de mest alminnelige varsler naturen gir oss
  • Ha da kjekt!
Sjølv meinar eg at gruppa greidde å gjennomføre alle måla, slik at me fekk ein vellukka tur. Ut i frå denne turen vil eg trekke fram punkt 3 og 4/5 som viktige mål under denne turen. Det er eit klart skilje mellom å kle seg når ein skal på tur ein vintersdag, enn på seinsommaren. Derfor er det viktig å ha kjennskap til kva som er best for seg sjølv. Punkt 4 og 5 går mykje i kvarandre, men dei er særs viktige å trekke fram under denne turen fordi skredfaren var stor. Då er det viktig å kunne korleis ein skal ferdast i terrenget, og korleis eg kan sjå på snøen, kor stor fare det er for skred i området. Men i det område me befant oss var trygt, grunna bra valg av vår lærar Torgeir!! Punkt 6 er sjølvsagt også viktig på kvar einaste tur, og punktet vart særs gjennomført av vår suupre klasse!

Som sagt fungerte gruppa ganske bra! Me hjelpte kvarandre når nokre hadde problem med skia, og gutane gjorde ein super brøytejobb av løype!! Takk for deeet. Me gjekk kanskje litt for spreidd til tider (noko som me kan bli betre på), men sånt skjer når ferdighetene våre i gruppa svingar. 
Digg me skikkelig skitur igjen!
 Personleg hadde eg ein utrulig lærerik og positiv tur. Det var ganske interessant å lære om skred i det terrenget me befannt oss i, men også å oppleve ein skitur der alt går bra. Til og med min værmelding spådde bra!! Rett og slett ein hærleg tur med ein hærleg gjeng!  

Stay tuned peepz

onsdag 11. januar 2012

I mens eg pakka..

må eg selfølgelig blogga litt! I måro skal me i FRI/ST på tur igjen! Denne gangen på ski! Gleda meg kjempemasse til endelig å gå turar på ski igjen!!
 Fellene e lagt i sekken, og sjølv om skredfaren e stor, veit eg at detta blir ein bra tur!
Skibrillene e på, så stay tuned for neste turblogg etter skituren vår! Dette blir SPASS!