Då har friluftslivklassen hatt sin siste tur i lag.
Overnattingsturen gjekk denne gong til Storøya i Barsnesfjorden.
KLARE FOR PADLETUR |
Torsdag 3. mai møtte me klokka 09.50 ved friluftslivlageret,
der det blei delt ut fellesutstyr. Noko av fellesutstyret som me hadde med oss
denne gongen var lavo og stormkjøkken. Etter utdelinga gjekk me nedover til
Helgheim med Ole Karsten. Der sjøsette me kanoane og padla langs fjøra, i mens
Ole Karsten underviste i ulike padleteknikkar. Deretter padla me bort til Shell
og tilbake til Helgheim i vårsola. Der gjekk me på land igjen, åt lunsj, leika,
utnytta toalettet på Statoil og venta på Marte i sola. Ikkje rart at
hoppbakkenasen min blei litt rød.
Helgheim, og kanoane er klare for ein solrik dag på fjorden. |
Marte kom rundt klokka tre. Då sette me oss i kanoane og
lasta dei opp med bagasje. Fjorden var stille og det tok ca. 3 kvarter å padle
inn til øya. Eg og Vilde padla saman, og me holdt oss alltid i lag med Øystein
og Kristian, sidan me var eit «par». I tillegg holdt me oss nokså nær land, i
tilfelle veldt. Når me kom til øya, byrja det og regne(sjokk) så me fant ei
grasslette høgt oppe på øya, der me sette opp lavoane med ein gong. Det gjekk
ikkje lang tid før lavvoen var oppslått, og etter det fann Vilde og eg ein
felles doplass som alle kunne bruke. Etter at alt var rigga opp, og klokka
mykje, byrja me på middagen.
Eg og Vilde i ein stappa kano med Storøya i sikte |
Denne gongen var Vilde, Kristian og eg i lag på
middagsgruppe. Denne gongen blei ikkje middagen taco, men tandoori chicken med ris på stormkjøkken. Til
dessert åt me jordbær dyppa i sjokolade, som me smelta i vannbad på stormkjøkkenet.
FANTASTISK! Som middagskvil tok me eit par runda med kortspel sidan det
framleis regna.
Etter kvart slutta det å regne, difor gjekk Vilde og eg på
oppdagingsferd på øya. Nede ved stranda møtte me Torgeir og Dag. Torgeir var
ikkje med på denne turen, men han kom på eit lite besøk om kvelden! Creds til
deg Dag som padla han att og framJ Saman
sette me opp ein presenning og laga bål, slik at me kunne sitje i ly for
regnet, i tillegg til å ha det varmt mens me leika Mafia og ande «ord-leikar». Me
sovna i soveposane til Øysteins vakkre nattasangar.
Kem vil vell ikkje ha nattasang av denne fyren?? |
Neste dag stod Vilde og eg opp i 7-8 tida, og me gjekk for å
lage bål. Etter ei lita stund vakna også
dei andre, og alle satt under presenningen og åt frukost. På eit tidspunkt
titta også sola fram, difor tok me ein ny leik. Me leika «spark på boks»/
«boksen går» tre gonger, og eg var ganske nær å ta boksen eit par gonger
altså.. Etter at me hadde leika ein del, og klokka nærma seg hal 12, byrja me
med å pakke ned(lavvostengene tok bra tid) og me rydda leiren for bos. Før me
gjekk nedover til kanoane, sjekka eg at doplassen var grei, og eg tok med meg
alt bosset frå lavvogruppa mi. Alle padla meir samla heimover, og med litt meir
sjø brukte me litt over ein time frå Storøya til Helgheim. Me la på plass
kanoane og gjekk opp på skulen der me hang opp presenningane og lavvoane til
tørk, i tillegg til at me vaska noko av fellesutstyret. Me avslutta turen oppe
ved friluftslivlageret klokka 14.00.
Heile Leiren |
Måla for denne turen var:
- Planlegge, gjennomføre og vurdere turar knytta til lokal friluftslivstradisjon.
- Planlegge, gjennomføre og vurdere tur med overnatting ute over flere dager i vannmiljø.
- Behandle og vedlikeholde redskap og utstyr slik at det til enhver tid er i orden.
- Vurdere betydningen av hensiktsmessig bekledning for ulike typer friluftsliv.
- Gjøre rede for og praktisere de bestemmelsene som gjelder for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark.
- Vise kjennskap til den naturen eleven ferdes i, og praktisere et friluftsliv der hensynet til naturen er overordnet.
- Forklare de mest alminnelige varsler naturen gir oss.
- HA DA KJEKT!
Slik gjennomførte me dei:
- Storøyna er mykje brukt som friluftslivmål og overnattingsplass i Sogndal så dette målet er gjennomført.
- Sidan Storøya er ei øy, var men nøydd til å nytte framkomstmiddel på vatn. Denne gangen brukte me kanoar, så da greidde me dette måle og.
- Me sette opp lavvo, la kanoane på plass igjen, me vaska stormkjøkkenet og me tørka lavvoen og presenningen. Altså eit gjennomført mål.
- Me hadde på oss vasstette og andre klede som var tilpassa typisk vêr under denne sesongen. Så me gjennomførte dette målet og.
- Me snakka med grunneigar og sa i frå at me skulle vere på øya og i tillegg at me hadde planlagt å tenne bål.
- Me bygde ei latrine å passa på at den såg grei ut, i tillegg til at me såg etter leirplassen før me reiste. Altså eit gjennomførd mål.
- Hadde det ikkje vore forsvarleg vêr på fjorden, hadde me ikkje lagt ut på kanotur.
- Me hadde ein sosial tur der me leika, lo og koste oss særs mykje!
Det som gjekk bra på denne turen var det me fekk ut av sjølve
turen. Turen i seg sjølv var ein flott avsluttningstur som var ganske sosial,
og alle fekk tilbrakt mykje tid saman. I Tillegg var maten himmelsk og leikar +
bålkos kan ein aldri klage på. Har heller ikkje noko å klage på bekledninga. Det
som ikkje gjekk så bra på denne turen var nok til tider padlinga vår. Påveg til
øya padla heile gruppa med litt stor avstand med kvarandre, og til tider var me
kanskje litt for langt frå land på heimover turen.
Heile gruppa fungerte godt saman, og ein merka at me har vert
mykje på tur i lag ettersom alt gjekk ganske så fort når det gjaldt matlaging
og rigging av leirplassen. «Paret»(Vilde, Kristian, Øystein og eg) klarde oss
også bra saman på fjorden, men kanskje noko lang avstand til tider.
Eg bidrog så godt eg kunne på alle fellesoppgåver. Tok leiing
under nedattakinga av lavvoen og hadde ansvaret for mykje av felles utstyret
under turen. Vilde og eg meldte oss også frivillig til å finne latrine. Bidrog
også å lage bål tideleg fredags morgon. Eg var også i leikegruppa, så eg hadde
litt av ansvaret for dei, og det gjekk ganske bra! Kunne kanskje tenkt meir på korleis me padla
i forhold til vêret og tryggleik. Eg har padla i kano før, så det var ganske
morosamt og gjere det igjen. Det var også bra at eg fekk ein oppfrisking i å
lage bål også.
Denne siste turen var utruleg morosam, men samtidig også litt
trist å tenkje på. Året har vert heilt supert, akkurat som turane. Eg kjemme
til å savn turgjengen og tusen takk for eit morosamt, lærerikt og minnerikt
år:-D Me har verkeleg greidd å utføre målet som me alltid har hatt med på
turane: HA DA KJEKT !