fredag 2. desember 2011

På tur med Berit

Her ser du den opprinlege ruta
Fredag 25. november hadde me fagdag i friluftsliv. Ut i frå turplanleggingen på torsdag var planen at me skulle gå frå Fretland i Sogndalsdalen, over Nuken og ned til Ljotaholet og til slutt skulle me ende opp på Aaberge i Sogndal.

Klokka 9 møtte alle opp utanfor inngangen til den nye vidaregåande skulen. Fellesutstyr som ein førstehjelpspose, liggeunderlag og sovepose blei fordelt til nokre i gruppa. Etter den vetle «snakkisen» tok dei fleste på seg gammasjane sine før me sette oss inn i den varme, tørre taxien og køyrde opp mot Fretland. Når klokka var hal 10 gjekk me ut av taxien og det første som traff oss var vind med hard snø som piska oss i ansiktet. Me bestemte oss berre for og byrje å gå med ein gang, for å halde på varmen. Me følgde grusvegen opp til Djupedal, og me var ikkje komme langt på vegen før snøballane blei kasta rundt. Allereie på Djupedal merka me at vinden blei kraftigare og at den berykta Berit var på veg. 

Ein smule kaldt og litt vind
Etter ein liten drikkepause der me studerte kartet, byrja me og gå vidare mot Halsavatnet. Når me nådde toppen der Halsavatnet låg, var klokka rundt 11.30. På dette tidspunktet fekk me kjenne på kroppen at veret i fjellet skifta FORT. Me bestemte oss for å ta ein matpause intill ein fjellvegg, for plutseleg kom Berit på besøk. Vinden reiv godt i kleda, og etter ein undersøkingstur som Torgeir gjorde, bestemte me oss for å snu på grunn av vær, me låg langt bak tidsskjemaet og at nokre allereie hadde byrja å fryse. Derfor tok me oss nedover same vegen som me kom. Sjølv om «den lille brisen» gjorde at me måtte snu, gjorde ikkje dette noko med gruppehumøret! Under heile turen var humøret på topp og på vegen nedover leika me «Sheriff», kasta masse snøballar og me aka. I mens me aka ringte Torgeir til taxien slik at den kom og henta oss på Fretland igjen rundt klokka 2. 

Sjølv om me måtte snu, så var heile turen verdt det. Utruleg morosamt og sjå snø igjen og det var ein fryd å gå på tur med ein så stor gladgjeng. Alt i alt ein skikkelig tur med bra julestemning.
Sjølv om vær og vind ikkje var heilt på vår side denne turen, så lærde eg noko av ordtaket «Det finst ikkje dårleg vær, berre dårlege klær». Eg hadde ikkje dårlege klede, men hadde kledd meg så bra at turen ikkje blei øydelagt. Sjølv om vinden reiv godt i jakka, hadde eg ein god oppleving der eg ikkje fraus, og eg var heller ikkje for heit. Me hadde også liten og lett sekk som gjorde at dei fysiske utfordringane var mykje mindre. Dei nye skoa mine holdt meg tørr gjennom heile turen også. Trur det er første gang eg har vert heilt tørr på føttene etter ein tur i fjellet. Dette gjorda også turopplevinga mykje betre.


Her har me de kjekt kan du tru!




Sjølv om været var surt til tider

Mål for denne turen var: 

  • Planlegge, gjennomføre og vurdere turer knyttet til lokal friluftslivstradisjon 
  • Kle seg hensiktsmessig og lære utstyret å kjenne slik at dette ikkje vert nokon begrensing for turen.
  • Praktisere bestemmingar for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark og ta hensyn til naturen me ferdast i.       
  • Ha da kjekt!
Me hadde det ganske kjekt, slik at me greidde å gjennomføre det siste målet. På grunn av at turen ikkje vart heilt gjennomført, kan det diskuterast om me greidde og gjennomføre det første målet. For min eigendel så gjennomførte eg mål nummer 2 ganske bra. Mål tre vil eg seie at me greidde og gjennomføre bra. Fordi me måtte ta hensyn til naturen me verdast i ved at me var på fjellet, der vær og vind skiftast ganske fort.

I løpet av denne turen merkar eg stor forskjell på gruppa i frå den første turen til denne. Me har blitt ein mykje meir samansveisa gjeng, og dette gjer at turane blir også mykje lettare. Me hadde ei hending under turen der det blei stilt spørsmål om nokre i gruppa hadde nokre sokkar dei kunne låne vekk. Alle var raskt framme med nye sokkar, sjølv om det kunn blei spurd etter eit par. Dette viser berre at gruppa også tar ansvar for kvarandre, og dette er nok betryggande å vite for læraren vår Torgeir.

Mac blei min nye turkammerat!


Ein kan alltid stille spørsmål om det er noko annleis me kunne gjort under turen. Me hadde fagdag i friluftsliv, og då syns eg personleg at me bør utnytta den tida me har til å reise på tur. Ut i frå værmeldingane skulle det ikkje bli så hakkandes gale, men då tar ein med seg erfaringa om at været skiftar fort i fjellheimen. På denne turen har eg også lært at gamasjar er alltid eit lurt plagg å ha med seg på tur når det er tideleg vinter. Eg har også lært ut frå den åttande fjellvett regelen at: «Vend i tide, det er ingen skam og snu» også at det alltid er lurt å ha ein eventuell plan B eller kriseplan når ein er på tur!

Gjengen på tur !

5 kommentarer:

  1. Hei Susanne! Dette var ein bra blogg, me har ikkje så mykje å pirke på. STÅ PÅ og forsett slik, så ordner det seg nok for snille jenter som deg!

    XOXO Kristian, Karoline og Vilde:D

    SvarSlett
  2. Kjempebra innlegg! :)
    DU e kuL åSånt ;)<3
    (men litt wannabe vegar me same sko....lol)

    Kos og klem fra synnevegarbrita

    SvarSlett
  3. veldig informativt, kjempeflott!! :)))

    SvarSlett
  4. Flott skreve og stilige bilete!
    Stao Pao:-)

    SvarSlett